

Vevringsbygda
Vevring har omlag 300 innbyggarar, fordelt på grendene Redal, Gryta, Vevring og Kvellestad. Frå Redal i aust til Horne i vest er det omlag 10 km. Bygda ligg i Naustdal kommune. I tidlegare tider, før 1964 var Vevring eigen kommune, som omfatta grendene våre, men også ein del på andre sida av fjorden (Kvammen og Flokenes)
Vevring kan by på fleire tenester. Vi har daglegvarebutikk og post i butikk, I tillegg har vi lokale handverkarar innan møbel, og vi har fleire kunstnarar som driv eiga næring.
Vevring har kommunal barnehage, som også har SFO -
avdeling. Vevring har eigen
skule, frå 1. til 7. klasse. Skulen er tredelt, og ein har gode
lærar ved skulen. Skulen har kring 30 elevar. Bygda har også eiga
kyrkje, der det jamleg vert halde
gudstenester.
Vevring er ei jordbruksbygd, og dei fleste gardane er framleis i drift. Etterkvart som inntektene i jordbruket har gått ned har mange skaffa seg arbeid utanfor bruket, mange dagpendlar til Førde og Florø for å kome seg til arbeid.
Vevring er ei aktiv bygd. Vi har fotballgruppe,
aerobicgruppe, barnekor, grendalag,
helselag, vevringutstillinga,
fjordfiskarlag, Two Kwon Do - klubb, linedance- gruppe, søndagsskule og misjonsforeining.
Vevringutstillinga, som
vert arrangert kvar haust, rundt 20. september, har gjort Vevring kjent
både i inn og utland. Arrangementet har vore i bygda årleg sidan 1979,
og ein har hausta mykje ros for dette. For nokre år sidan fekk
Vevringutstillinga fylkeskulturprisen. Bygda har etterkvar fått ein
fantastisk
skulpturpark, som m.a. er utarbeidd av steinkunstnarane Bård Breivik
og Claes Hake.
I Vevring ligg også Fjordtun, der vi har barnehage og leilegheiter. Fjordtun vart bygd med tanke på denne kombinasjonen barn - eldre. Fjordtun har tilsaman 8 leilegheiter. På Vevring skule har vi gymnastikksal som vert nytta til trim og andre arrangement i bygda, t.d. julefest, 17. mai fest. o.s.b.
Vevring ligg midt mellom Førde og Florø, langs RV 611
via Stavang, på den vegen som Reisemål
Sunnfjord marknadsfører som
kystvegen til
Florø. På denne vegstrekninga finn du fleire attraksjonar, m.a.
luftkampmuseum, skulpturpark i Vevring og hellerisningsfelt i Ausevika.
På denne fantastiske turen langs nordsida av Førdefjorden er det
naturleg å stoppe i Vevring på det som må vere
verdas flottaste
rasteplass, utarbeidd av kunstnaren Bård Breivik.
I Redal er ein i ferd med å restaurere det gamle
skulehuset frå 1924. Kjellaren er ferdig med moderne kjøkken og toalett.
Huset vert brukt til arrangement i bygda, og kan leigast ut til selskap
for inntil 60 personar. I Redalen kan ein også få kjøpt fiskekort for
laks og aure til elva og vatnet.
Vi du stoppe i Vevring nokre dagar, har vi fleire
hytter og hus til leige.
Ynskjer du å busette deg i Vevring, enten ved å bygge hus eller å leige / kjøpe hus, kan du lese om hustomtar og ledige hus her, eller du kan ta kontakt med grendelaget i bygda.
Vevring kan by på vakker natur. Vil du sjå bilder frå bygda vår, ta ein kikk i vårt fotoarkiv. Det finst også eit omfattande fotoarkiv frå Vevring etter fotografmeister Malvin N. Horne.
Bygda byr på eit biologisk mangfald som er unikt, og m.a
Lauvberget er spesielt kjent for sin rike edellauvskog.
Får Vassbotten, ein fjellgard i Vevring som ligg 200 m over havet, kan
ein ta turen til
Håsteinen. (ca. 2 t i vanleg spasertempo) Her har ein
utsyn over øygarden
utanfor Florø. Frå gamalt av vart det sagt at ein såg 7 kyrkjegjeld frå
Håsteinen. Om dette er riktig veit vi ikkje, men i klarvêr kan ein sjå
like til Stad. Sjøen er viktig for oss som bur i Vevring. Dei fleste har
båtar, og dreg jamleg ut på fisketurar.
Grendalaget i bygda arbeider nå aktivt for å vidareutvikle bygdesamfunnet. I 2006 kom bygda med i BU - programmet.
Erling Førland frå Vevring skreiv den kjente anti - jantelova.