Hugs å handle heime!

Merkur-programmet ynskjer å arbeide for at fleire skal hugse å handle i heimbygda si og stø opp om butikken i den bygda.

Kvifor er butikken viktig?:

Butikken er viktig fordi den er ein viktig samlingsplass i bygda og den gir oss tilgang på varer nær heimen, slik at vi kan bu og trivast i bygdene våre.

Utan butikk vert bygda mindre attraktiv for folk som vil busetje seg der. Butikken kan ha positiv innverknad på framtidsutsiktene for ei bygd. Det vert meir attraktivt å bu i bygda når fleire sørvistilbod blir tilgjengeleg.

For dei minst mobile i eit samfunn er butikken heilt naudsynt for at dei kan bu i bygda. Bruk din nærbutikk når du er ung, så blir den der når du er gamal og.

Meir bruk, gir betre butikk. Om du nyttar butikken berre til det mest naudsynte vert det umogeleg å oppretthalde eit breitt utval av varer. Hugs å melde frå om du saknar noko!

Å handle 2 mil frå heimen kostar deg om lag kr. 10.000,. kvart år. Sjølv om varene i sentrum kan vere litt billegare vil du like vel ikkje klare å spare inn så mykje som 10.000 på handle hjå store lavpriskjedar. Dessutan har nærbutikken ofte like gode tilbod som dei store butikkane.

2. juli vert den nasjonale "Hugs å handle heime" dagen markert hos oss!

Generalforsamlinga 6. juni var svært oppteken av tiltak for å snu trenden med at omsetjinga ved Fjordbutikken AS går nedover. Tala viser kr 80.000 reduksjon i omsetjinga i 2010. I år er omsetjinga kr 60.000 lågare enn i fjor. Dette kan vi snu! Hugs å handle heime og butikken vår vil leve lenge.

Sommarope!!!

Sommarope frå 20 juni til 22. august

Måndag – fredag kl 10 – 17.

Laurdag kl 10 – 14.

Du er hjarteleg velkommen!

FaceBook
Kontakt
an image
Fjordbutikken AS
Vevring, 6817 Naustdal
Email: mariozzo@gmail.com

Telefon: 57 81 88 05
Fax: