Vevring > Vevring Grendalag
Grasrotandelen til Vevring Grendalag
Er du registrert tippar, kan ein del av det du spelar for, gå til lokale lag.
Vevring grendalag er godkjend som mottakar av slike midlar, og på mindre enn eit år har laget fått inn fleire tusen kroner, som går til gode ting i bygda. Av oppgåver vi har løyst aleine, eller gjennom støtte til andre kan nemnast: Badestrand, volleyballbane, kart, kalender, grendeveg, ballbinge,tilskot til inventar i Redal grendahus, parkeringsplassar, inventar i kaffikroken på butikken.
Folk utanfrå seier ofte dei er imponerte over kva vi får til her, og meir kjem.
Ei utfordring til fastbuande, utflytta og alle andre som føler tilknyting til bygda:
Lat din lokale del av det du spelar for gå til Vevring grendalag org nr.987201967.
Det praktiske her får du ordna der du tippar, eller direkte på nettsida norsk-tipping.
Steingåve frå kommunen
I samband med bygging av volleyballbana og opprusting av badestranda i fjor, søkte grendalaget
om tilskot frå kommunen til ei sitjegruppe i stein ved bana/stranda. Vi tenkte dette ville bli ein
fin pauseplass for badande, spelande, grillande, og andre som berre vil sitje og nyte naturen.
Pristilbodet var på 7000,- og arbeidet er tenkt utført når snøen er borte.
Til jul fekk vi den gledelege meldinga at formannskapet løyver desse midlane, som takk for den
store dugnadsinnsatsen i bygda, gjennom 30 år.
Vevring inspirerer
20. januar var leiar i grendalaget og leiar i utstillinsnemnda inviterte til møte i Hestad krins, mellom
Sande og Viksdalen. Dei ynskte hjelp og inspirasjon i samband med søknad om å komme med i
bygdeutviklingsprogrammet, som vi var med i frå 2006 til 2008.
Det blei eit triveleg møte, til inspirasjon både for oss og dei: Imponerande det de får til i Vevring.
Dette var litt av tilbakemeldinga frå ein ny Facebookven på Hestad