StartsideVevringNaustdal kommune

 


Vedtekter
Styre
JaktreglarBestandsplan
Tragedie - Dikt Oddvar Karlsen

Aviskiosken:

Logo - FirdaLogo - Firdapostenbt.noDagbladet.no







VEDTEKTER FOR

 

VEVRING STORVALD

 

 

§1        Vevring Storvald

Vevring Storvald er ein samanslutning av rettshavarar innafor område som går fram av paragraf 3. Medlemmane har avgrensa ansvar.

 

§2        Målsetjingar og arbeidsfelt

Valdet skal samle rettshavarane i dei tidlegare små valda i område for å forvalte hjorten som ein del av næringsgrunnlaget i landbruket.

 

Valdet har som overordna mål å forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar ein optimal og vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjønns- og aldersfordeling og med passande stammestorleik i forhold til leveområde si bæreevne  (beitetilgang) og skadepress (skog og innmark) for anna verksemd.

 

Valdet skal sikre ei planbasert grunneigarstyrt forvaltning av hjorten, samt gjera fordeling av fellingsløyve mellom medlemmane. Valdet skal og vere aktive i arbeidet med å auke kompetansen til medlemmane innanfor saksområdet.

 

§3        Avgrensing

Valdet sitt område  omfattar dei tidlegare valda  Apalseth, Vassbotten/Årseth, Ytre Vefring, Indre Vefring, Engebø, Gryta, Redal Øvre, Redal-Horsevik og Underlid. Sjå vedlagt tabell.

 

§4        Medlemskap

Innmelding skjer ved underteikning av innmeldingserklæringa (sjå vedlegg). Det skal gå fram av erklæringa kva rettar og plikter som er knytt til medlemskapen. Dei tidlegare valda melder seg inn i storvaldet som jaktfelt. Det er kvart enkelt jaktfelt som er medlem i laget, den enkelte grunneigar er medlem gjennom jaktfeltet. Det understrekast at jaktfelta er ansvarleg for eigen kvote, og sjølv rår over jakta på eige areal.

 

Utmelding må skje skriftleg til leiaren i valdet og innan 31. desember siste året i planperioden (normalt 3 år). Utmeldinga vert då gjeldande f.o.m. fyrste året i neste planperiode. Utmeldt medlem som trekkjer sin eigedom  ut av valdet kan ikkje gjere krav på part i valdet sitt fond eller andre eigedelar.

 

Om det skal skje endringar i jaktfeltstrukturen i løpet av ein planperiode må det godkjennast av storvaldet sitt styre.

 

§5        Partar

Medlemmane (jaktfelta) vert tildelt partar i valdet etter teljande areal (sjå vedlegg). Eigedommar/jaktfelt med røysterett skal ha røystepart lik den prosentvise parten av teljande areal vedkommande eigedom/jaktfelt har i valdet. Valdet sitt teljande areal vert sett til 100%, og røystepartane skal avrundast til heile tal. Sjå vedlagte tabell for fordeling av partar.

 

 

§6        Arbeidsår

Rekneskaps- og arbeidsåret følgjer kalenderåret.

 

 

§7        Årsmøte

Årsmøte skal haldast innan 31. mars kvart år. Årsmøte skal kallast inn av styret. Alle grunneigarar i storvaldet har møte-, tale- og forslagsrett. Berre jaktfeltansvarlege har røysterett. Innkalling skal vere skriftleg og skje minst 14 dagar før årsmøtet. Sakliste skal leggjast ved. Saker som medlemmane ønskjer å ta opp på årsmøte må leverast til styret innan utgongen av februar.

 

Berre medlemmar (jaktfeltansvarlege) har røysterett. Jaktfeltansvarlege kan verte representert ved fullmakt. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt.

 

Vedtak på årsmøte vert fatta med vanleg fleirtal mellom dei frammøtte med røysterett.

Endring i vedtektene krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte. Dersom minst ein medlem krev det, skal det nyttast gradert røysting. Kvar part gjev rett til ei stemme, dvs at jaktfeltet får stemmerett etter storleiken på arealet.

 

Årsmøtet vert leia av styret sin leiar.

Årsmøtet skal:

 

Årsmøtet kan ikkje fatte bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnd i innkallinga. Endring av vedtekter i §3 er ikkje årsmøtesak, då utmeldingar og søknad om inn melding skal handsamast av styret.

 

§8        Ekstraordinært årsmøte

Dersom styret eller minst 1/3 av partane krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Innkalling til og sakshandsaming på ekstraordinært årsmøte skal følgje same reglar som ordinært årsmøte.

 

§9        Styret

Valdet vert leia av eit styre på 3 personar med 2 varamedlemmar. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær. Styret kan gjere vedtak når minst halvparten av styret er til stades. Avstemmingar i styret skjer ved vanleg fleirtal. Ved lik avrøysting har leiar dobbeltrøyst.

 

Styret skal:

-         Framlegg til årleg kvote.

-         Framlegg til kjønns – og aldersstruktur i jaktuttaket.

-         Framlegg om lengda på planperioden

-         Framlegg om fordeling av jaktkvoten mellom medlemmane, med reglar for jaktutøving.

 

NB: Sidan leiarane av dei gamle valda ikkje rekk å etablere ein gjennomarbeidd bestandsplan/avskytingsplan innan fristen for skiping i mai, legg ein følgjande retningslinje for fordeling av jaktkvota kommande år:

·        Fordeling av den tildelte jaktkvota skal skje på same vis som i 2004.

 

Det skal førast protokoll over styret sitt arbeid

 

§10      Representantar  til Årsmøte

Kvart jaktfelt skal i forkant av Årsmøte velje ein jaktfeltansvarleg som skal røyste på vegne av jaktfeltet på Årsmøte.

 

§11      Økonomi

Vevring Storvald er ansvarlige for finansiering av eiga drift.

 

§12      Oppløysing

Oppløysing av valdet kan gjerast med 2/3 fleirtal på eit ordinært årsmøte dersom halvparten av røystepartane er tilstades. Dersom det møter færre partar, kan laget oppløysast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal blant dei frammøtte. Før oppløysing må alle økonomiske tilhøve vere ordna, og laget sine eigedelar skal fordelast på medlemmane etter partar.

 

§13      Tvist

Alle tvistar mellom laget og medlemmane eller mellom medlemmane innbyrdes om tolking og gjennomføring av vedtektene skal avgjerast med bindande verknad for alle partar av ei voldsgiftsnemnd på tre medlemmar. Av disse vel partane ein medlem kvar. Den siste medlemmen skal oppnemnast av sorenskrivaren i Sunnfjord. Vedtak i nemnda skal grunngjevast. Nemnda følgjer reglane i rettargangslova ( Jfr. Lov om rettargangsmåten for tvistemål av 13. aug  1915 nr 6, kap 32)

 


Vedlegg